Perspektiv på matematisk modellering i Kunnskapsløftet og Fagfornyinga

  • Ingeborg Katrin Lid Berget Høgskulen i Volda
  • Oda Heidi Bolstad Høgskulen på Vestlandet

Sammendrag

Det er for tida fokus på at matematisk kompetanse er viktig for å fungere i det moderne samfunnslivet. Arbeid med matematisk modellering er ein måte å kople matematikk til dagleglivet på. I denne artikkelen tek me føre oss grunnar til å arbeide med modelleringsaktivitetar og knyter dette til ulike perspektiv på matematisk modellering. Med dette som bakgrunn har me gjort ein innhaldsstudie av matematikk fellesfag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet og høyringsutkastet for fagfornyinga av læreplanar i Kunnskapsløftet. Denne studien viser at ordet modellering er brukt fleire gonger i høyringsutkastet for fagfornyinga enn i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, og at bruken er knytt til ulike modelleringsperspektiv. Dette kan tyde på eit auka fokus på matematisk modellering i den nye læreplanen. Likevel er ikkje læreplanen tydeleg på korleis ein skal forstå og arbeide med matematisk modellering. Dette kan skape utfordringar for lærarar som skal undervise modellering i skulen.

English abstract

English title: Mathematical modelling perspectives in Norwegian curricula

Currently, there is a focus on the importance of mathematical competence in order to function in modern society. Working with mathematical modelling is a way to connect mathematics with everyday life. In this article, we provide reasons for working with modelling activities and connect them to different perspectives of mathematical modelling. Within this framework, we have done a content analysis of the common core subject mathematics in the current curriculum (the Knowledge Promotion Reform 2006) and the consultation draft of the renewal of the curriculum, which take effect in 2020. This study shows an increase in the frequency of the word modelling in the renewal of the curriculum compared to the Knowledge Promotion Reform. This may indicate an increased focus on mathematical modelling. However, the renewal of the curriculum is not explicit in how mathematical modelling should be understood and worked with. This may cause challenges for the teachers in teaching modelling in school.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Download data is not yet available.
Publisert
2019-10-16
Hvordan sitere
Berget, I. K. L., & Bolstad, O. H. (2019). Perspektiv på matematisk modellering i Kunnskapsløftet og Fagfornyinga. Nordisk Tidsskrift for Utdanning Og Praksis, 13(1), 83-97. https://doi.org/10.23865/up.v13.1882
Seksjon
Forskningsartikler
Emneord (Nøkkelord)
matematikkundervisning, matematisk modellering, læreplan, fagfornyinga, mathematics education, mathematical modelling, curriculum, curriculum renewal