Spesialundervisning, læringsmiljø og inkludering

Forfattere

  • Peder Haug Høgskulen i Volda
DOI: https://doi.org/10.23865/fou.v11.1778

Sammendrag

Merk: Denne artikkelen ble publisert i tidsskriftet FOU i praksis. Tidsskriftet skiftet navn til Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis i september 2019.

Artikkelen diskuterer kvaliteten på læringsmiljøet og inkludering for elevar som får spesialundervisning, samanlikna med elevar som berre får ordinær opplæring. Tidlegare forsking viser at elevar som får spesialundervisning, vurderer lærings- miljøet svært ulikt. Empirien i artikkelen er henta frå ei spørjeskjemaundersøking, og analysen her omfattar 7500 elevar. Indikatorar på læringsmiljø er engasjement og relasjonar. Det store fleirtalet av elevane skårar høgt på begge desse områda. To grupper elevar som får spesialundervisning, er med i samanlikninga. Det er elevar som viser problemåtferd, og elevar med spesifikke lærevanskar. Desse elevane gir svar som tyder at særleg engasjementet deira i det som gjeld skulen, og noko mindre relasjonane til medelevar og lærarar, er lågare enn for dei andre elevane. Særleg lågt kjem svara frå elevane som får spesialundervisning på grunn av problemåt- ferd. Og i denne gruppa att er det jentene som har dei mest negative svara. Trass i at elevane får spesialundervisning, opplever dei ulike forhold ved skulen svært negativt. Det gir grunn til å diskutere om spesialundervisninga fungerer godt nok, om kvaliteten på læringsmiljøet til denne gruppa elevar er forsvarleg, og om dei kvalitative krava til ein inkluderande skule er oppfylte.

Sitér: Haug, P. (2017). Spesialundervisning, læringsmiljø og inkludering. Tidsskriftet FoU i Praksis, 11(1), 41–62.

English abstract

English title: Special education, learning environment and inclusion

The article discusses the quality of the learning environment in school for students receiving special education compared with other students and in an inclusive perspective. Earlier research indicates that the conditions in this area for students receiving special education varies, also when they themselves report about their experiences. Data in the article comes from a survey with 7500 informants. Engagement and relations are indicators of learning environment. The majority of the students have high scores in both these areas. The analysis involves two groups of students receiving special education, students with behavioral difficulties and students with specific learning difficulties. Students receiving special education answer in ways suggesting that their engagement in school matters is lower than for the other students, this is also the case for relations to fellow students and teachers, but to a lesser degree. Students receiving special education due to behavioral difficulties have especially low scores, and among them, the girls have answered most negatively. In spite of special education, these students have bad experiences with school. This gives reason to discuss if special education functions well enough, if the psychosocial learning environment is reasonable and if the conditions for inclusive school have been met.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Fulltekst

Hvordan sitere

Haug, P. (2017). Spesialundervisning, læringsmiljø og inkludering. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 11(1), 41–62. https://doi.org/10.23865/fou.v11.1778

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Nøkkelord:

spesialundervisning, læringsmiljø, problemåtferd, spesifikke lærevanskar, engasjement, relasjoner, special education, learning environment, behavioral problems, pecific learning difficulties, engagement, relations