Lærarars djupnelæring i profesjonsfaglege utviklingsprosjekt

Forfattere

  • Pernille Fiskerstrand Høgskulen i Volda
DOI: https://doi.org/10.23865/up.v15.2466

Sammendrag

Denne artikkelen diskuterer premissar for lærarars djupnelæring i profesjonsfaglege utviklingsprosjekt. Frå før veit vi at slike prosjekt bør gå over tid og helst vere lokaliserte på eigen arbeidsplass. Når lærarar skal lære, er det også ein føresetnad at dei får arbeide seg til forståing av teori, slik at kvardagserfaringar blir løfta til generaliserte vitskaplege omgrep. Erfaringar saman med fagspråk og refleksjonar kan då overførast som reiskap til bruk i nye samanhengar. Lærarars djupnelæring i profesjonsfaglege utviklingsprosjekt blir i denne artikkelen tematisert ved forskingsspørsmålet: «Korleis utviklar lærarar felles didaktisk metaspråk i eit profesjonsfagleg utviklingsprosjekt?» Funna frå undersøkinga blir løfta vidare inn i ein teoretisk diskusjon der premissar for djupnelæring blir sett opp mot lærarane si utvikling av felles didaktisk metaspråk. Data i casestudien er henta frå observasjon, intervju og innsamla dokument frå eit lesson study-prosjekt gjennomført på VG1. Materialet er analysert ved ein innhaldsanalyse der bruk og samhandling av fagdidaktiske omgrep er studert. Artikkelen konkluderer med at lærarane utviklar eit felles didaktisk metaspråk gjennom arbeidet med LS-prosjektet. Premissane for djupnelæring er dermed til stades. Samtidig er der kritiske rammefaktorar som utfordrar denne djupnelæringa.

Teachers’ in-depth learning in professional development projects

This article discusses various premises for teachers’ in-depth learning in projects for professional development. We already know that such projects should run over time and take place at the school where the teachers work. When teachers are learning, it is a pre-requisite that they get to develop theoretical understanding, so that the everyday language of teaching can be transformed and articulated in more general scientific terms. Experience, together with reflections and theoretical concepts, can then be transferred as tools to use in new professional contexts. Teachers’ in-depth learning in professional development is here studied through the research question: “How do teachers develop a shared didactical metalanguage through participating in a professional development project?” In addition, the findings in the study are addressed in a theoretical discussion where premises for in-depth learning are considered in light of the teachers’ development of a shared didactical metalanguage. The data in the case-study is collected by observation, interviews, and collected documents in an Upper secondary, lesson-study project (VG1). The qualitative data is analysed through content analyses, which emphasizes the teachers’ use of different concepts and the relationship between them. The article concludes that the teachers developed a shared didactical throughout the LS-project, which implies premises for in-depth learning, although some critical frame factors challenge these learning processes.

Nedlastingsstatistikk
Totale nedlastinger:
Nedlastingsdata er ikke tilgjengelig enda.

Publisert

2021-11-01

Hvordan sitere

Fiskerstrand, P. (2021). Lærarars djupnelæring i profesjonsfaglege utviklingsprosjekt. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 15(2). https://doi.org/10.23865/up.v15.2466

Utgave

Seksjon

Forskningsartikler

Nøkkelord:

djupnelæring, dybdelæring, profesjonsfellesskap, skulebasert kompetanseheving, Lesson study